22. mai 2007

Folkeopplysning


Astrid - i folkeopplysningens tjeneste!

Alle born, høyr no etter og lær av feila til ein garva festgjengar.

For det fyrste: Sjølvbruningsremediar er ikkje noko å stå etter i seg sjølv. Dette er berre noko som er oppfunne av menneske som gjerne vil tjene meir pengar på forfengelege Hollywoodfrøknar. Dette er noko me ikkje treng her i vårt langstrakte land. Me har naturleg friske epleroser på kjaken sidan me trivs så godt i frisk luft.

For det andre: Du treng ikkje gå på fest. Dette er berre noko som til slutt øydelegg deg og gjer deg ein dårleg moral. Det kostar mange pengar du eigentleg ikkje har. Dagen etter fest kan du vakne opp med ei merkeleg kjensle om at du har gjort noko du ikkje skulle ha gjort - du kan berre ikkje hugse kva!

Til sist: Bruk for all del ikkje desse to i kombinasjon! Same kor lurt det verkar å ta fram denne sprayen (du har kjøpt på grunn av at du vart narra av ei reklame) på den tida du kjem heim frå nachspiel i halv fem tida på morgonen - ikkje gjer det! Det er berre deg sjølv som er skadelidande av det. Det som verkar jamt og fint då, er ikkje det når disen er burte.

Då slepp du å vakne morgonen etter og sjå ned på dine flekkete,oransje leggar, gule tåneglar og svarte fotblad. Eg skal neste gong gøyme denne sprayen - og alt av klyppereiskap i tilfelle eg skulle få ei kjensle av at eg er ein flink frisør.

2 kommentarer:

Solveig sa...

Hahahaha!!! Oransje tånegla e såååå fint!!! Måtte nesten slå me sjøl litt på låret når i leste ta her du.. Om en god latter forlenge livet, så blei i nok et par minutt eldre no gitt..

Astgi sa...

Ja, du kan le du! Men gråten tar meg... Heldigvis borte nå, bortsett fra tåneglene da.